Turneringsreglement

ALLE LEIARAR ER FORPLIKTA TIL Å GJERE SEG KJENT MED, OG FØLGE REGELVERKET.

Turneringa blir avvikla etter Norges Håndballforbund (NHF) sine reglar.

SPESIELLE REGLAR FOR ÅL CUP 2018 (små endringar kan koma fram mot turneringsstart)


ALDERSKLASSER
J11 og G11: fødd i 06 eller seinare
J12 og G12: fødd i 05 eller seinare
J13 og G13: fødd i 04 eller seinare
J14 og G14: fødd i 03 eller seinare
J15 og G15: fødd i 02 eller seinare
J16 og G16: fødd i 01 eller seinare

Om det er få påmelde lag kan aldersklasser bli slått saman.

Me kan ikkje love at det blir tatt omsyn til pause mellom kampar for lag som stiller i fleire årsklasser. 


DISPENSASJONAR
ÅL CUP godtek regiongodkjende dispensasjonar. Det skal leverast kopi av godkjenninga til turneringskontoret seinast ved innsjekk, men helst ved påmelding av aktuelle spelarar. Lagleiar/trenar skal òg ha eit eksemplar som kan presenterast på forespørsel.

ÅL CUP godtek ikkje gutespelarar på jentelag på trass av regiongodkjenning. Me tillet heller ikkje at ein spelar deltek på to lag i same årsklasse, men spelarar kan delta på lag i andre årsklassar.

Om ein ikkje har dispensasjon på spelarar ein ynskjer å nytte under ÅL CUP kan ein sende søknad til aalcup@gmail.com i forkant eller ved påmelding av aktuelle spelarar.

Lag med dispensasjonar deltek på lik linje med andre lag i ÅL CUP.


SPELARLISTER
Kvart lag kan delta med opp til 16 spelarar. Alle desse skal vera ført opp på spelarliste som skal godkjennast av lagleiar seinast ved innsjekk.

Spelarlistene kan ikkje endrast etter at første kamp er starta.

Bruk av uberettiga spelar vil føre til automatisk tap av kampen.


KAMPAVVIKLING
Laga blir delt inn i puljer på minst tre lag. Alle lag er sikra minimum tre kampar.

Puljevinnarar er garantert plass i sluttspel (gjeld ikkje for 11-årsklassane). Korleis sluttspelet arrangerast kjem an på antal lag i kvar klasse.

Det laget som står oppført som heimelag stiller på venstre banehalvdel for sekretariatet.

Stiller laga med like drakter speler bortelaget med vestar som blir utlevert i sekretariatet.

Laga må vera klare minimum 10 minutt før oppsett kampstart.

Lag som ikkje møter i tide etter oppsett program taper kampen.

Kampane i innleiande spel blir starta med dommarkast. I finalekampane blir avkast i dei to omgangane avgjort ved klumsing (stein-saks-papir) av lagkapteinane.

Det blir spelt 7er-handball og på fullt mål i alle klasser.

Kampar blir normalt avvikla i følgande tidsrom:
Fredag - kl. 16.00-01.30
Laurdag - kl. 07.00-23.00
Sundag - kl. 07.00-19.00

Rekkefølga på finalane kan endrast om det er god grunn til det. 


KAMPLENGDE
Kamplengde i innleiande kampar og evnt. semifinalar er:
1 x 15 minutt i G11, G12, G13, J11, J12 og J13.
1 x 20 minutt i G14, G15, G16, J14, J15 og J16.

Finalane blir avvikla med sidebytte, men utan pause.
2 x 10 minutt i G12, G13, J12 og J13.
2 x 15 minutt i G14, G15, G16, J14, J15 og J16.

Laga kan ikkje be om time-out. Det er kun time-out i samband med skader.

Kampuret vil telle nedover under ÅL CUP.
 

TABELL
Har fleire lag like mange poeng etter puljespel blir rekkefølgja avgjort slik:

1. Poeng innbyrdes kampar.
2. Målforskjell i innbyrdes kampar.
3. Flest scora mål i innbyrdes kampar.
4. Målforskjell i alle spelte kampar i pulja.
5. Flest scora mål i alle spelte kampar i pulja.
6. Loddtrekning.


BALL OG KLISTER
ÅL CUP følgjer regelverket for Region Sør når det gjeld storleik på ballane me nyttar:

1er - G11, G12, G13, J11, J12, J13 og J14.
2er - G14, G15, J15 og J16.
3er - G16

I samsvar med NHF sitt regelverk er det forbode å bruke klister i klassane J/G14 og yngre. Om dommar legg merke til/blir gjort merksam på brot på dette vil spelaren/spelarane få beskjed om å fjerne dette umiddelbart.
 

DOMMARAR
Dommaroppsettet blir sett opp av ÅL CUP. Alle dommarar under ÅL CUP blir sett på som nøytrale.
 

JURY
Ein jury blir oppnemnt av arrangøren.
 

PROTESTAR
Eventuelle protestar må vera innlevert skriftleg maksimum 30 minutt etter kampslutt i kampen protesten gjeld. Protestgebyret på 500 kr. betalast attende om protesten blir tatt til følge. Video blir ikkje brukt under behandling av protestar. Avgjerda blir tatt av juryen og er endeleg.

 

RAPPORT
Dommarane kan rapportere spelarar/leiarar som syner dårleg oppførsel. Avgjerda om eventuell straff/sanksjonar blir tatt av juryen og er endeleg.
 

ANDRE REGLAR
All bruk av alkohol og andre rusmiddel er strengt forbode. Overtramp kan føre til bortvisning frå turneringa.

Røyking er kun tillat ved oppmerka plassar i området rundt hallen og skulene.


Leiarane er ansvarlege for å overhalde regelverket ved dei ulike overnattingsstadene.

    Hovudsponsor



    Turneringshotell


    Tlf. nr. 32082011

    Sponsorar