Reglement

Turneringsreglement

Ankomst / Registrering

Registrering av laga føregår fredag frå kl. 14.00 til 22.00 på klubbhuset til Ål idrettslag, der turneringskontoret er. Alle lagleiarar må innom her og melde frå at laget har kome og er klart til første kamp.
Tilreisande lag vil få overnattingsplass og anna viktig informasjon.

Lagslister og eventuelle dispensasjonar skal leverast før kampstart.

Sidan det er like før skulestart i Ål får ikkje laga ”sjekke inn” på skulane før kl. 17.00. 

Lagleiarmøte / Jury

Det blir lagleiarmøte fredag kl 21.00 i auditoriet på ÅL Ungdomskule, der det mellom anna vert valgt ein turneringsjury med 3 personar, 1 av desse er frå arrangøren. 

Kampane

Kampane starar laurdag.

Laurdag startar dei fyrste kampane kl. 08.00 og vert avslutta ca. kl. 19.30.

Sundag startar dei fyrste kampane kl. 08.00 og vert avslutta ca. kl. 18.00.

Generelt

Ein spelar kan delta på fleire lag i turneringa, men dersom ein spelar er med på eit lag i "eigen" årsklasse, kan han/ho ikkje spele som overårig på eit lag i yngre årsklasse. 

Det vil foregå 3-7 kampar samtidig, kampane blir starta og stoppa likt frå turneringskontoret med eit fløytesignal.

Kamptida er 2 x 15 minutter i alle klassar, og 5 minutter mellom kvar kamp. Puljespelet vert spelt som serie med 3 poeng for seier, 1 poeng for uavgjort og 0 poeng for tap. 

Laga må vera klare på sidelinja seinast 5 minuttar før kampen startar. Dersom eit lag ikkje møter til kampstart, taper laget kampen og resultatet vert sett til 0-0 og motstander får 3 poeng. Dersom dette skjer i ein sluttspelkamp, får motstandaren walk-over til neste runde. 

Måla er merka med Heimelag og Bortelag. Laget som står først i kampoppsettet, er heimelag. Dersom laga stiller med like drakter, skal Bortelaget bruke vestane som ligg i posar ved midten av kvar.

Me brukar flygande innbytte i alle klassane, bytte skal skje ved midten av banen, og innbyttar må vente til spelaren er kome ut, før han/ho kjem inn.

I klassane opp til og med 12 år skal det ikkje nyttast kort – heller ikkje skal tilbakespelsregelen brukast.

Ved grove overtramp kan dommaren i samråd med lagleiaren be om/påleggje at spelaren bytter med ein reserve.
 

Utspark/Utkast 7-er fotball

Alle målvakter uansett klasse kan både sparke og kaste ballen ut, også over midten av banen.

Dispensasjon/Overårig spelar 

I 9'er fotball kan eit lag nytte opp til 2 overårige splarar (kan ha begge spelarane på banen samtidig). 
I 7'er fotball kan eit lag nytte opp til 2 overårige spelarar (kun 1 spelarar på banaen til ein kvar tid).  
Overårige spelarar kan ikkje vere meir enn eitt år for gamal, i forhold til klassen spelaren deltek i. 

NB! Dersom ein spelar er med på eit lag i "eigen" årsklasse, kan han/ho ikkje spele som overårig på eit lag i yngre årsklasse.
 

Samarbeidslag

Samarbeidslag kan godtas etter søknad. I utgangspunktet er kravet at dei klubbane som samarbeidar om eit lag ikkje klarer å stille lag enkeltvis. 
 

Utvisning, Raudt kort og gult kort

Ved utvisning/raudt kort er spelaren utvist for resten av kampen, i tillegg vert spelaren tildelt minst 1 kamp karantene, juryen bestemmer straffa. Ved gult kort får spelaren 3 min karantene. 
 

Protest

Protestar skal leverast skriftleg til turneringskontoret seinast 30 minutter etter kampslutt.
Juryen og -kampens dommar vurderer protesten. 

Juryen si avgjerd er endeleg. Protestgebyret er kr 500,-. 
 

Vidare til sluttspel

Kva for lag som går vidare til sluttspelet vert avgjort etter denne rekkefylgja frå dei innleiande kampane: flest poeng, best målforskjell, antal scora mål, innbyrdes oppgjør, loddtrekning.
 

Sluttspelet 

Det blir sluttspel i klassane G 15/16, G 13/14, J 15/16 og J 13/14. 

I klassar med meir enn ei pulje, blir det minimum semifinale og finale i sluttspelet. Dersom eit lag ikkje møter til sluttspelkamp, får motstandaren walk-over til neste runde.

Ved uavgjort i sluttspelet vert kampane avgjort slik:

Sluttspel mellomspel blir avgjort ved loddtrekning.  

Loddtrekninga foregår på turneringskontoret rett etter kampslutt, med ein representant frå kvart lag. 

Finalane i klasse G 13/14 og J 13/14 blir avgjort ved loddtrekning.  

Loddtrekninga foregår på turneringskontoret rett etter kampslutt, med ein representant frå kvart lag. 

Finalane i klassane G 15/16 og J 15/16 blir avgjort ved straffespark.