Moro med fotball!

Lilian og Camilla



Vi får besøk av 2 kjente profilar frå Hallingdal fotballklubb 2. div damer!
Keeperen Lilian Holden som har karriere frå Tynset og Lyn fotball, før ho kom til HFK i 2017.
Ho er og sportsjournalist i VG.
Camilla Livgård Jensen er kaptein og fast midtstoppar på HFK.
Ho går no på skule i Sogndal og er i skrivande stund i Coimbra – Portugal og spelar EM med studentlaget Studentspretten! Me ynskjer lukke til.

Desse 2 jentene kjem for å snakke om motivasjon, trening, kosthald og søvn. Me gler oss til eit spennande innslag!